Lothepus i nytt TV-program

I sesong to av Fjorden Cowboykjøpte Lothepus en kanon.

I sesong to av Fjorden Cowboykjøpte Lothepus en kanon. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Leif Einar Lothe møter mellom anna Aylar Lie og Vendela Kirsebom i kjendisutgåva av Farmen.

DEL

Lothepus er ein av dei 12 kjendisane som no har flytta inn på Storøy gård ved Rørholtfjorden i Telemark.  TV2 melder at dei i fleire veker skal vera isolerte frå kvardagen sin, og leva slik gardsfolk gjorde for 100 år sidan.

Lothepus (46), kjend som entreprenør, artist og TV-profil frå Fjorden Cowboys, seier at det beste vert å vera vekke frå telefonen, men at det verste vert å ikkje få ringa når han vil. 

Les og: – Det er alltid etterspurnad

Lothe kjem frå Ullensvang, men er no busett i Odda.

Storbonde?

Til TV2 seier han at han skal verta storbonde, og at taktikken er «bestikkelser og mafiateknikk».

På garden bur han no mellom anna saman med kokken Lars Barmen (53), trimdronninga Kari Jaquesson (54) og den tidlegare og supermodellen Vendela Kirsebom (49).  Også Aylar og Petter Pilgaard, som kanskje er mest kjende for å vera kjende, deltek.

Lothepus har store sko å fylla, den siste lokale deltakaren som deltok i reality programmet var Ingvild Skare Thygesen.  Ho vann Farmen i 2012.

Artikkeltags