Fullt hus for tiande gong

10 utgåve: Frå ein tidlegare quiz.Arkivfoto: Ernst Olsen

10 utgåve: Frå ein tidlegare quiz.Arkivfoto: Ernst Olsen

Artikkelen er over 2 år gammel

Fredag er det nok ein gong klart for musikalsk kappleik frå 1960-talet til i dag i Odda. Quizmaster Ove Aase fortel at det vart fullt denne gongen og.

DEL

– Det har det vore på alle dei ni quizane hittil, og det er full påmelding no og så då blir det tiande gongen med fullt hus. 19 lag og 6–7 på kvart lag, så det blir litt folk, seier Ove Aase.

Quizmasteren fortel førebuinga til haustens quiz går bra.

– Alle spørsmåla er i boks, så no er det berre litt småting att å fikse.

Same stil

Aase fortel at laget Skalkesjulet, som har vunne fem av dei ti gongane quizen har blitt arrangert denne gongen manglar fleire faste medlem, og trur andre lag kan ha større vinstsjansar enn tidlegare.

Sjølve quizen blir i same stil som tidlegare år.

– Det blir like mykje frå alle tiåra, og ei blanding mellom lette og vanskelege spørsmål.

Quizmaster Aase røper og at han har fleire spørsmål i ermet og nok ikkje vil gi seg med det første.

–Så lenge det er kjekt og folk møter opp og likar det kjem eg til å halde fram, men ikkje oftare enn to gongar i året.

Artikkeltags