Raud tråd på Jernrosa-festival

Festivalgründer: Lars Ove Seljestad  er klar for sin andre Jernrosa litteraturfestival . Politikk og samfunn, «oss og dei» er tematikk og raud tråd. Arkivfoto: Mette Bleken

Festivalgründer: Lars Ove Seljestad er klar for sin andre Jernrosa litteraturfestival . Politikk og samfunn, «oss og dei» er tematikk og raud tråd. Arkivfoto: Mette Bleken

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Programmet for årets Jernrosa litteraturfestival er klart. Lars Ove Seljestad har litterære og samfunnspolitiske godbitar å by på. Inkludert fleire premierar. Og urpremiere på filmen Isberg, basert på boka hans med same namn.

DEL

Som HF tidlegare har nemnt, er årets klassikar Alf Prøysen og årets debutant Fredrik Stenhjem Hagen frå Tyssedal.

– Eg er ikkje oppteken av berømtheter og store namn, men nokre dukkar jo opp. Eg vil skapa ein arena for viktige stemmer, seier han.

Festivalen opnar fredag med avduking av nye interaktive infotavler på Smelteverkstomta, ein minikonsert og lansering av Odda sin nye visegruppe Kråkene, og ein programpost der festivalgründeren skal svara på kvifor Jernrosa, kvifor politisk litteraturfestival og kvifor i Odda.

– Lydproduksjonen «Alle har så mye» tek opp temaet fattigdom i det steinrike Norge, seier Seljestad og fortel vidare:

– Det vert paneldebatt om politisk litteratur før konsert med smeden Tobbe Malm og bandet Tuball Cayn@Lilith. «Sugande blues og hard rock på sjølvlaga skrapinstrument som gir eit særeige uttrykk».

Ein sceneproduksjon med tre monologar, basert på ein sosiologisk studie der me følger ein somalisk, ein norsk og ein afghansk gut, gir og perspektiv.

I programposten Nye Odda-stemmer/Åpen mic, gir festivalen rom, for dei som ikkje er så kjende. Seljestad lovar ein handfull nye Odda-stemmer som ikkje har stått fram enno, mellom anna duoen Heedless (som «to knallsterke Odd-musikarar står bak), og oppmodar andre lokale røyster til å nytta høvet under «open mic»-posten.

«Det friskaste skotet» på Oddas litterære stjernehimmel, Fredrik S. Hagen er i fokus på fyrste post laurdag. Han samtalar med Anne Oterholm, før Bjørn Ivar Fykse tek for seg den politiske Alf Prøysen.

– «Alle har så mye»-tematikken vert følgt opp når Birgit Alm snakkar om korleis det er å vera foreldre og mor til barn/ungdom og ikkje ha god råd – og å koma frå enkle kår og bu i eit «milliardærvillastrøk».

Bjørn Ingvaldsen har utvikla kåseriet om mor si; «Kjenner du Gudrun?» til ein kabaret.

– Odda-tradisjonen med revy vert her løfta fram, seier Seljestad om Ingvaldsens kabaret om diktaren, revyskodespelaren, den politiske kommentatoren og tyssedølen Gudrun Lægreid.

Jernrosa festkveld byr på song (Cathrine Hagen Gundersen og Espen Mo), opplesing (Fredrik S. Hagen og Laila Stien), Tyssedalkoret, kåseri om Olaves Steinpokker av Vidar Våde, utdeling av Jernrosa ærespris (ein handsmidd rose frå Oddasmio) – og ein urpremiere:

– Kortfilmen Isberg, ein litteraturfilm basert på boka mi med same namn og musikk av Karl Seglem, vert framført som live-versjon i kinoen, fortel Seljestad.

Han skal sjølv lesa teksten, og Seglem har med seg Lars Jakob Rudjord, Kim Krister Hylland og Odd Erlend Mikkelsen for å gje musikalsk tonefølge til filmen (som Magnus Hisdal har laga på bakgrunn av tekst og musikk).

Søndag skal også poetane Laila Stien og Leslie Kaplan i elden. Det skal og forfattar Håvard Syvertsen og kampanjeleiar i Redd Barna, Ane Aamodt.

Det dreier seg om «oss og dei» – og kva om situasjonen vert snudd på hovudet; når dei vert oss, og me vert dei.

– Sentralbadet litteraturhus vert det bankande hjartet i festivalen, slår Seljestad fast.

Jernrosa

Politisk litteraturfestival. Standpunktfestival og arena for litteraturen som tar stilling i samfunnsdebatten og som prøver ut kva litteratur kan vera i det kontinuerleg foranderlege grensesnitt mellom litteratur og samfunn. Fokus på politisk og meiningsberande litteratur.

Arrangert for 2. gong 28.–30. april i Odda.

Og dei skal smelteverket rundt på 100 minutt – med overraskingar undervegs. Odda musikklag skal hjelpa med marsjtakter.

Artikkeltags