Dirigenten utnevnt til Kommandør av St. Olavs orden

Kortreist: Prots fekk «ekte Hardangerervarer» og gode ord overrekt av  frå venstre Anne Karin Stormyr, Andi Hydle og Eva Nærø.

Kortreist: Prots fekk «ekte Hardangerervarer» og gode ord overrekt av frå venstre Anne Karin Stormyr, Andi Hydle og Eva Nærø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Hardangerkoret hadde øving i Jondal sist helg. No er dirigenten deira utnevnt til Kommandør av St. Olavs orden for sitt virke. Og snart står konsert for døra.

DEL

Koret har Per Oddvar Hilde, med kallenamnet Prots, som sin faste dirigent. Denne gong var og songaren Birgitte Velsvik med på samlinga.

Neste korsamling vert i Odda 8-9. desember. Då inviterer dei til julekonsert saman med Odda skolekorps og Odda kulturskole i Odda kyrkje.

Per Oddvar Hildre har sidan 2009 vore dirigent for Hardangerkoret som samlar songarar frå heile Hardangerregionen, og frå Stord, Bergen og Voss.

I oktober mottok Hildre utmerkinga Kommandør av St. Olavs orden for sitt mangeårige arbeid med kor og internasjonalt kulturutvekslingsarbeid.

På samlinga i helga hadde Hardangerkoret si lokale markering for Prots, der det vanka både gode ord og ekte Hardangervarer.

Artikkeltags