Opnar landets tøffaste klatreløype i Fjæra

Fjæra: Robert Melkeraaen i den nye Via Ferrata-løypa, som er 900 meter lang, der toppen er 700 m.o.h.foto: Privat

Fjæra: Robert Melkeraaen i den nye Via Ferrata-løypa, som er 900 meter lang, der toppen er 700 m.o.h.foto: Privat

Laurdag 25. mai er det opning av Via Ferrata Kyrkjeveggen i Fjæra.

DEL

Kyrkjeveggen vert beskriven som kanskje landets tøffaste klatreløype. Den første gruppa med guide startar tidleg laurdag morgon, dei to neste byrjar nøyaktig ein og to timar seinare.

«Ein time etter at siste guida gruppe har starta er det mogleg, for dei som er erfarne, å klatra på eiga hand», opplyser Åkrafjorden Nature B & B (tidlegare Fjæra skule) på Facebook.

Arrangementet er ope for alle. Dei som ikkje ønsker å klatra kan vera med som tilskodarar, vert det òg opplyst.

Om kvelden er det middag og musikk på Åkrafjorden Nature B & B.

Det er Robert Melkeraaen som er motoren bak Via Ferrata inst i Åkrafjorden, og han skal drifta aktiviteten rundt løypa i samband med drifta av Åkrafjorden Nature B & B, der Melkeraaen har rolla som dagleg leiar.

Artikkeltags