Himlaleite kjem til Jondal

F.v: Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg

F.v: Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg

Av
DEL

Ditt Hardanger Himlaleite er ein konsert med ny og melodiøs musikk, laga av den fargerike musikaren og komponisten Gabriel Fliflet. Han har heile livet late seg begeistra av folkemusikk, frå Noreg og Shetland og Balkan og meir til. Mange kjenner han som trekkspelar og songar i duoen Fliflet/Hamre. I Himlaleite er han òg pianist.

Onsdag kveld, 20.mars, kjem han til Jondal kyrkje saman med to framifrå musikarar.

Berit Opheim er vokalist i særklasse; ikkje berre er ho ein av dei aller beste folkesongarane våre, ho kan òg briljera som Nattens dronning i Mozarts «Tryllefløyta» eller trollbinda Carnegie Hall med sublime tolkningar av mellomaldermusikk. Jorun Marie Kvernberg er ein meister på fele og hardingfele, og spelar med stor glød og innleving.

Saman byr dei på ein konsert med melodiøs, men særprega musikk. Her er både stor ro og frisk fart - og m a. fleire nye songar av Gabriel Fliflet og forfattar Kjartan Fløgstad. På to av desse vert Jondal grendakor med, i ein felles finale med musikarane. Kanskje vil kyrkjetaket løfta seg?

Artikkeltags