Opdahl stiller ut i Galleri G

Skyen: Av Ørnulf Opdahl. 	Foto: Dagfinn Bjørge

Skyen: Av Ørnulf Opdahl. Foto: Dagfinn Bjørge

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ørnulf Opdahl opnar laurdag utstilling i Galleri G Guddal med mellom 20 og 30 heilt nye måleri.

DEL

– Endeleg blir det maleriutstilling av Opdahl i galleriet, skriv Gøril Guddal i ei pressemelding.

Opdahl har tidlegare hatt to grafikkutstillingar i galleriet som den gong var i Rosendal. I 2008 og 2013.

«Bileta til Ørnulf Opdahl blir til på Godøya ved innseglinga til Ålesund.

I 2012 kunne vi sjå utstillinga «Tre reiser, tre landskap» i Baroniet Rosendal. Eit samarbeid mellom Opdahl, Kjell Nupen og Dronning Sonja.

Opdahl var tidleg medviten om at han ville bli biletkunstnar og har ein lang karriere bak seg.

Produksjonen hans har naturleg nok vore prega av ulike fasar. Frå tidleg fabulerande pop-art-inspirerte bilete til dagens landskap.

Eit hovudskilje i kunsten til Opdahl kom rundt 1989/90. Før dette var maleria til Opdahl fylte av menneske og prega av surrealisme, i eit moderne formspråk.

Etter 1989/90 er landskapet det dominerande motiv. Opdahl har tilført den romantiske landskapstradisjonen ein spontanitet som ikkje hadde vore mogleg utan modernismen og surrealismen.

Ingen kan som Opdahl få fram ljoset i eit elles mørklagd landskap!», står det i meldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken