No opnar sesongen i Agatunet

Folkemusikkonsert: Lajla Buer Storli og Kim André Rysstad inviterer til konsert saman med Stein Villa i Agatunet laurdag.

Folkemusikkonsert: Lajla Buer Storli og Kim André Rysstad inviterer til konsert saman med Stein Villa i Agatunet laurdag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag er det sesongopning i Agatunet. To utstillingar og to konsertar står på menyen.

DEL

Den internasjonalt anerkjende fotografen Mette Tronvoll er årets utstillar. Originale portrett og landskapsbilete er hennar varemerke. Til Agatunet tek ho mellom anna med portrett av Dronning Sonja, bilete frå Afrika og Grønland - og frå prosjektet Nordmenn i det 21. århundre. I presentasjonen står det at ho formidlar direkte og ukunstla, og byr på intetessante møte med menneske.

Vandreutstillinga Miserabiles Personae som fortel om barndom og liv i mellomalderen og om kong Magnus Lagabøtes banebrytande landslov av 1274, vert opna. Her møter ein og Sigurd Brynjulvsson Aga, riddar, lagmann og riksråd - og godseigar på Aga. Rosemålar Anne Hesvik viser landslovinspirerte verk.

Lajla Storli tek med Kim Andre Rysstad og Stein Villa heim til Hardanger, og inviterer til to konsertar med mellomalderballadar, fele og harpe.

Artikkeltags