Gjentar gospelsuksess

Stor stemme: Angela Primm besøkte Odda sist i 2016. Arkivfoto: Ernst Olsen

Stor stemme: Angela Primm besøkte Odda sist i 2016. Arkivfoto: Ernst Olsen

Det blir «party» i kyrkja når Kor i Vest og Internasjonalt kor inviterer til ein ny konsert med Angela Primm.

DEL

Det er tre år sidan gospeldronninga Angela Primm sist besøkte Odda, og hadde felleskonsert med dei lokale kora. I år kjem ho tilbake, og får med seg Internasjonalt kor i Odda og Kor i Vest, som begge blir dirigerte av Laura Buta. Konserten finn stad i Odda kyrkje 13. mars.

– Sist var det stappfullt i kyrkja, og eg trur aldri det har vore så mykje liv der, seier styreleiar i Internasjonalt kor, Elise Grønsdal Bakke.

Gospelhistorie

Til saman blir det 44–55 koristar.

Songaren Angela Primm, som har base i Nashville, Tennessee, skal turnera Norge i heile mars. Det same gjorde ho i 2016, då Odda kyrkje var fylt til randa for å høyra ho synga saman med lokale kor. Då tok ho publikum med på ei reise i den svarte gospelmusikken si historie, og Bakke fortel at det kjem til å bli ein liknande konsert denne gongen.

– Dette vil ikkje folk gå glipp av, det blir ein skikkeleg fest i kyrkja, lovar Elise Grønsdal Bakke.

Artikkeltags