Opnar spesiell utstilling

Jon Larsgard opnar.

Jon Larsgard opnar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

«Dette er Norge» kjem til Hardanger kulturgalleri

DEL

- Utstillinga inneheld fleire element. Det er både historiske friser med tema frå kvart tiår dei siste to hundre år, fyrst frå 1814 til 1905, og deretter frå 1905 til 2014. Desse frisene beskriv sentrale element i norsk historie gjennom dei siste to hundre år, heiter det i ei pressemelding.

Laurdag opnar ordførar Jon Larsgard ei spesiell utstilling i Hardanger kulturgalleri.  Det er billedveverska Anne Tidemann- Johannesen Møller frå Lillehammer kjem til Mælen og Herand med billedvevutstillinga og føredraget  «Dette er Norge».

- I tillegg inneheld utstillinga tolv enkeltståande bilde frå ulike landsdelar i Norge. Desse bilda beskriv Norge på langs gjennom eit år, der kunstnaren startar lengst nord i landet i januar, for så å reisa nedover langs kysten og inn over i landet, heiter det vidare i pressemeldinga.

Utstillinga vart laga til grunnlovsjubileet , og vil stå i galleriet fram til 5.august.  Arrangementet er eit samarbeid mellom Hardanger kulturgalleri og Jondal kommune.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken