Rio Yamase utnemnd til «Goodwill-ambassadør» av Hardangerrådet

Rio Yamase: I Tokyo. arkivfoto: Synnøve nyheim

Rio Yamase: I Tokyo. arkivfoto: Synnøve nyheim

Artikkelen er over 1 år gammel

Japanske Rio Yamase har blitt utnemnd til «Goodwill-ambassadør» av Hardangerrådet.

DEL

Det var i juni at hardingfelespelaren fekk utnemninga, for sitt lange og omfattande arbeid for å spreia interessa for Hardanger og kultur frå Hardanger i Japan.

Yamase driv eit hardingfeleinstitutt i Tokyo, og er ein stor formidlar av hardangerkultur mellom anna gjennom japansk media.

20. august var det ei markering i Tokyo av utnemninga, i regi av Yoshimoto Agency, som samarbeider med Yamase.

Les og: – Me bør stå samla om hardingfela

Der var 14 representantar frå japansk media til stades, ifølge ei pressemelding. Blant dei var den største avisa i Japan, Asahi Shimbun, og Yahoo News, som er Japan sin største nyheitskanal på nett.

Rio Yamase seier ho er særs takksam over å vere «Goodwill-ambassadør», og sender ein varm takk til alle ordførarane i Hardanger, og Hardangerrådet som har gitt ho denne æra.

– Eg vil gjera det eg kan for å spreie kunnskap om Hardanger i Japan, seier ho.

Artikkeltags