Med tilskot på 505.000 kroner frå Sparebankstiftinga Hardanger til innkjøp av barnehardingfeler, er det duka for tradering på autentiske instrument.

Leiar i Hardanger spelemannslag, Alexander Aga Røynstrand, er stornøgd med tildelinga. Han viser til at opplæringa av unge hardingfelespelarar i dag gjerne er på fabrikkproduserte fiolinar med dårleg lyd og utan understrengane som er typisk for nasjonalinstrumentet hardingfele. Langt mindre inspirerande enn å få opplæringa på ei ekte fele med dekor og rett lyd.

Det er kulturskulane som har fått løyvinga, etter at spelemannslaget tok initiativ og fekk med Voss Spelemannslag og Kvemmingen spel- og dansarlag på ein søknad om tilskot til denne satsinga.

Med totalt 560 000 kroner til føremålet – dei ulike aktørane har og lagt noko i potten – kan dei åtte kulturskulane i Hardanger og på Voss no kjøpa 16 hardingfeler spesiallaga til born. Felemakar Ole Gjerde, som har etablert verkstad i Strandebarm, har hatt eit eige prosjekt med slike.

Gjennom Gjerde-felene kan kulturskuleelevar i Hardanger og på Voss få gleda av å spela på gode, nybygde og autentiske hardingfeler. Initiativtakarane meiner dette vil vera med på å skapa ny inspirasjon til vidareføring av hardingfeletradisjonen hjå dei yngste. Og Sparebankstiftinga var altså samd.