Lillegravens krim som film nr 1

Frå bok til film: Forfattar Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audnestad
Bildetekst

Frå bok til film: Forfattar Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audnestad Bildetekst

DEL

Nordisk Film har kjøpt filmrettane og amerikanske Amazon Crossing har allereie sikra seg oppfølgaren til «Alt er mitt». Det skriv Nynorsk pressekontor (NP) i ei melding vi les på nettsida FRAMTIDA.NO.

– Alt er mitt er rett og slett ei veldig sterk og smart historie. og annleis. Han skil seg ut med overraskande karakterar, og han tør å vera mørk på ein uvanleg måte. Vi gler oss til framhaldet, seier Julie Løvgren i Nordisk Film i Danmark, som har kjøpt rettane for å laga spelefilm av krimdebuten.

Amazon Crossing har ifylgje meldinga kjøpt bokrettane for å omsetja boka til engelsk. Lillegraven gav ut boka på Kagge forlag, og den er allereie seld til Frankrike, Spania, Tyskland og Polen. Forfatteren frå Granvin fortel til NP at ho er i gang med oppfylgjaren, som Amazon har sikra seg rettane til.

Artikkeltags