Modellbibliotek i Eidfjord

Biblioteket flyttar til gateplan. Arkivfoto: O.M. Kvamme

Biblioteket flyttar til gateplan. Arkivfoto: O.M. Kvamme

Artikkelen er over 2 år gammel

Eidfjord bibliotek vart i 2016 vald som eitt av tre såkalla modellbibliotek i Hordaland.

DEL

– Me søkte om deltaking i prosjektet for å finansiera flytting av biblioteket til gateplan, fortel biblioteksjef Timo Knoch.

Flytting vart ikkje gjennomført i fjor, men i år skal det skje. Nylokaliseringa gjer at opningstidene vert utvida gjennom samarbeid med tenestetorget. Knoch reknar med at tilbodet vert meir effektivt når biblioteket flyttar ned. Dessutan vert det noko meir sjølvbetening.

– Planen er å bruka dei tidlegare tannlegelokala i fyrste etasje. Dagens plassering i tredje etasje på kommunehuset er uheldig og lite brukarvenleg, sjølv om dei som finn vegen opp blir påskjønna med ei fantastisk utsikt over Eidfjord sentrum, seier Knoch.

Modellbiblioteka er ein del av Hordaland fylkesbibliotek sitt prosjekt Sterk, Spenstig og klar. Målet er at «innbyggjarane i Hordaland skal oppleve fornya biblioteklokale og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale bibliotekrommet, biblioteka i Hordaland skal systematisk og planmessig bli betre i stand til å oppfylle den nye formålsparagrafen i biblioteklova, og at partnarskap mellom dei regionale samarbeida og fylkesbiblioteket skal styrkast».

I samband med flyttinga, vert dagens boksamling noko redusert. Utslitne og lite lånte bøker vert kasserte.

Artikkeltags