Hektisk innspurt på Litteraturhuset før årets symposium: – Nervane er i høggir

Festivalleiar: Ingvild Ystanes.Arkivfoto: mette Bleken

Festivalleiar: Ingvild Ystanes.Arkivfoto: mette Bleken

Artikkelen er over 1 år gammel

Det var ein hektisk innspurt på Litteraturhuset før starten på årets symposium.

DEL

– No er det mykje aktivitet og nervane er i høggir. Det er mykje som skal ordnast fram mot starten i morgon, seier Ingvild Ystanes.

Sjå direkte frå klokka 19:00: Litterær kraftstasjon (HF+)

Ho er festivalleiar for Litteratursymposiet i Odda. Då HF møtte ho tysdag føremiddag, fortalde ho om mykje aktivitet og mange frivillige i sving i dagane før årets festival.

– No gler eg meg først og fremst til å kome i gang og kome i festivalmodus. I tillegg ser eg fram til programmet. Det er mykje spanande der.

Årets tema er løgn, og Ystanes fortel at det vil vise att på fleire måtar dei neste dagane.

Les og: Kim Christer kom inn i smio med ein idé - då han var ferdig å snakka var det berre ein person som stod igjen

– Det er leiestjerna for programmet, utan å vere ei tvangstrøye. Det blir alt frå litterære løgner, til løgn i oppdrettsnæringa og til og med ein løgndetektor på Litteraturhuset, fortel ho.

Artikkeltags