Her kjem «nynorskens hus»

NYTT NYNORSK TEATERHUS: Logen midt i Bergen sentrum er det nye lokalet til Hordaland Teater. Den nye teatersjefen meiner plasseringa opnar for mange  nye moglegheiter for teateret.
(Foto: Margunn Sundfjord / NPK)

NYTT NYNORSK TEATERHUS: Logen midt i Bergen sentrum er det nye lokalet til Hordaland Teater. Den nye teatersjefen meiner plasseringa opnar for mange nye moglegheiter for teateret. (Foto: Margunn Sundfjord / NPK) Foto:

Av

Bergen kommune vil løyva ein million kroner for at Hordaland Teater kan skapa eit «nynorskens hus».

DEL

Det er gamle Logen bar i Bergen som blir arena for nynorsk kultur og samtale, skriv Bergens Tidende.

Teatersjef Solrun Toft Iversen ved Hordaland Teater meiner at Logen no blir eit urbant forsamlingshus midt i Bergen sentrum, og at dette berre vil understreka at byen er nynorskens hovudstad.

– Her blir det samtalar, quiz, forteljarstunder, talk shows, konsertar og liknande. Mange vestlandsprofilar blir med. Me kan og bruka storsalen til å utvikla nye konsept. Det treng ikkje berre å handla om teater, slik som mandatet er no, seier ho til avisa.

Planane for «Nynorskens hus» er nær ved å bli realisert. Byrådet, Senterpartiet og ein uavhengig representant i bystyret går inn for at millionløyvinga skal vera årleg. Dei har fleirtal i bystyret, som gjer det endelege vedtaket 19. desember.

Artikkeltags