Draktene i bruk igjen

Heilagbrotet: Asolfs død -frå prøve på spelet om Rika-Ragna: Pilegrim: Thoralf Magnussen, Sira Ogmund: Randolf Walderhaug, Asolf: Bjørn Skagestad og Ragna: Elisa Opheim

Heilagbrotet: Asolfs død -frå prøve på spelet om Rika-Ragna: Pilegrim: Thoralf Magnussen, Sira Ogmund: Randolf Walderhaug, Asolf: Bjørn Skagestad og Ragna: Elisa Opheim Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Me er så takksame for donasjonen og har fleire planar om bruk av dei flotte draktene frå spelet om Rika Ragna. Nokre av dei vert å sjå på guidane i Agatunet allereie i sommar.

DEL

Det fortel Helena Kjepso, formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum på Utne.

Draktene er no donert til museet med mellomaldertunet Agatunet i tankane.

I fjor vart Riddarklubben i Agatunet etablert, ein stad der unge museumsgjester får innblikk i mellomalderen både gjennom å høyra og sjå og gjera. Ei av dei tilsette på museet, Monica Tveit, var med å sy kostymer til Heilagbrotet. Ho hadde ideen om å låna drakter til den høgtidelege opninga av klubben, og var kontakt mellom museet og Rika Ragna-buet.

Kultursjef Lisbeth Celik i Eidfjord og styreleiar i avviklingsstyret for Rika Ragna teaterselskap Lillian Høyvang Andreassen, har formidla gåva og vore kontaktpersonar.

– Det er enormt mykje flott i samlinga, og klede og utstyr held høg kvalitet. Mykje av det er og historisk rett, og slik gir det ein ekstra dimensjon i formidlinga av fortida, fortel Kjepso.

– For oss er dette ein pangstart når me no vil byggja ut Riddarklubben, og satsinga på mellomalder, seier Kjepso.

i Agatunet vil vitjande i sommar møte på guidar i mellomalderklede; kostyme frå det flotte historiske spelet om Rika Ragna.

Kjepso ser for seg ei gradvis oppbygging av tilbodet i Riddarklubben. Mellomalderen er sentralt i formidlinga i tunet som har fleire bygningar som skriv seg frå nettopp den tida.

– Det er inngått avtale om tilbakelevering av draktene om spelet vert sett opp igjen, seier Kjepso.

På sesongopninga 13. mai vert det garantert drakter frå spelet å sjå. Det vert det òg når Riddarklubben skal ha offisiell sesongopning 21. mai. Då går det og riddartokt med hardangerjakta Matilde – frå Mikkelparken i Kinsarvik til brygga nedom Agatunet. Tek me ikkje feil, dukkar nok også sjølvaste riddaren i Agatunet opp når dei unge riddarane går i land på Aga.

Heilagbrotet: Lagnadsdrama om Ragna Asolfsdoter sett opp fyrste gong i Simadalen i Eidfjord i 2009.

Forfattar Torunn Ystaas

Artikkeltags