Anmeldt etter mobilbruk i bil

ILLUSTRASJONSFOTO

ILLUSTRASJONSFOTO Foto:

Tre sjåførar brukte mobil under køyring - ein nekta å ta i mot forenkla førelegg.

DEL

UP hadde tysdag ein åtferdskontroll i Jondal.

- To sjåførar fekk forenkla førelegg for å ha brukt mobilen medan dei køyrde, seier etterforskingsleiar Paul Henriksen ved Hardanger lensmannskontor.

Ytterlegare ein sjåfør brukte mobiltelefonen medan han køyrde, men denne sjåføren nekta å ta i mot forenkla førelegg.

- Det enda derfor med ei anmelding, opplyser Henriksen.

Artikkeltags