Dømt for ulovleg felling av villrein - no ankar begge partar dommen

Både mannen som vart dømt til 25 dagar i fengsel og påtalemakta ankar dommen som kom før jul.

DEL

Mannen vart i Hardanger tingrett dømt til 25 dagars betinga fengsel for å ha skote fem villrein. Dyra ble partert på ei hytte tilhøyrande Den Norske Turistforening.

Mannen i 50-åra, som var vert på hytta på Hardangervidda, hadde ikkje gyldig jaktkort, men felte likevel dyra i august 2018. Nokre dagar seinare fann politiet og Statens naturoppsyn 250 kilo kjøt på hytta. I tillegg til fengselsstraffen vart han dømt til å betale 25.000 kroner i bot og tap av jaktretten i fire år.

Mannen har tidlegare uttalt til NRK at han meiner straffa var for hard, men at han ikkje kom til å anke. No melder NRK at han likevel ankar straffen, og det same gjer politiet.

– Me meiner dommen er for mild, seier politiadvokat Trygve Ritland, som bad om 60 dagars fengsel, til NRK.

Ser an endeleg dom

Eigedomssjef og driftsansvarleg for betjente hytter i DNT, Jan Erik Reiten, seier til HF at dei var kjent med at staten kom til å anke dommen.

- Vi kjem til å avvente endeleg dom før vi gjer våre vurderingar, seier han.

Artikkeltags