Gå til sidens hovedinnhold

Krim med internasjonalt og lokalt tilsnitt

For abonnentar
Bokomtale

Bokomtale ved Mette Bleken

Sigurd Vikøren:

Blod er tjukkare enn vatn!

Kolofon

Boka stiller mange spørsmål og reiser fleire problemstillingar - og freistar sjølvsagt å gje svar.

Reklamen seier det er «ein spenningsroman om livet, kjærleik og vanskelege val». Boka handler og om moral, etikk og om å flytta grenser nettopp fordi «blod er tjukkare enn vatn».

Kor langt er du viljug til å gå for kjærleik, omsut og venskap eller eiga vinning?

Det ligg i korta at nokon vil gå langt. Dessutan at fleire enn hovudpersonen som og er forteljaren, kan ha skjult agenda eller blanda mel i posen. Han informerer lesaren ganske så munnleg - og tidvis i ein slags tankestraum.

Kvinnheringen Sigurd Vikøren, har bak seg 50 år i grafisk bransje, og vore både typograf og redaktør - og ein naurens forkjempar. No debuterar han som forfattar.

Handlinga er lagt til Vestlandet, London, Stockholm og Bergen. Til den lokale destinasjonen ved Hardangerfjorden er det mogleg å ta hurtigbåt frå Bergen.

Handlinga spelar seg ut i svært ulike miljø, og har eit variert persongalleri; alt frå dei som nyt luksus og vankar på fasjonable stader til dei nedst på rangstigen som slit med å halde seg oppreist.

Boka har fleire parallelle historier som sjølvsagt må flettast saman. Hovudpersonen beveger seg på tvers av desse og er bindeledd mellom dei. Men er miljøa vasstette?

Vikøren tek opp aktuelle tema, både allmenne og storpolitiske, samt einskildmenneske sine dilemma midt i dette spennet. Det kan vera god miks. Og som me veit: Alt heng saman med alt.

Kjærleik til natur og landskap skin og tydeleg gjennom i krimromanen som heilt etter oppskrifta kom ut før påske.

Blod er tjukkara enn vatn! sluttar slik at ho opnar for ein oppfylgjar. Då kjem me nok nærare konsekvensane av Trond Erling Fykse og kompani sine val. Ikkje minst Fykse sitt siste - det som vert slått fast i setninga som avslutter boka.

Enn så lenge heng dei i lufta og me kan dikta vidare sjølv - både om kjærleik, venskap, tillit, moral og moglege konsekvensar. Eller me kan halda pusten og venta i spaning. Det er fleire trådar å nøste i for den som vil.

Om det vert eit nytt opplag av Blod er tjukkare enn vatn! må korrektur og språkvask inn. Diverre vart eg i mi lesing opphengt i og forstyrra av og og å-feil, feil i store og små bokstavar (Vestlandet med liten v til dømes), orddelingsfeil og teiknsetting.

Sett vekk frå det, er Vikøren ein velkomen forfattar i krimfloraen. Han tør både ta sats og fly høgt.

Kommentarer til denne saken