3.500 deltok på Askøy. No vil dei få til det same i Odda

Fighter: Leif Einar Lothe og fleire lokale var med då Stafett for livet blei arrangert på Askøy i vår. Foto: Privat

Fighter: Leif Einar Lothe og fleire lokale var med då Stafett for livet blei arrangert på Askøy i vår. Foto: Privat

Støttearrangementet har hatt 3,6 millionar deltakarar i heile verda. No kjem fenomenet til Odda – og då skal ikkje noko bli gjort halvvegs.

DEL

– Kreften stoppar aldri – og dette blir symbolisert med ein 24 timar lang stafett, der alle lag har ein deltakar på banen som går heile tida, fortel stafettleiar Arne Mæland og nestleiar Asle Lægreid.

Fenomenet «Stafett for livet» stammar frå USA, der det har blitt arrangert som «Relay for life». I 2019 arrangerte Kreftforeningen stafetten på ti ulike stader i Noreg. Neste år, 6. juni, kjem stafetten for første gong til Odda. Og arrangørane ber folk setta av datoen allereie no.

– Stafetten går føre seg slik at ein melder på lag. Ein person frå laget skal gå heile tida, og samtidig vil det gå føre seg underhaldning og mange andre aktivitetar, seier Mæland.

Heile arrangementet vil gå føre seg på Odda stadion, og arrangørane håpar at det vil komma folk frå heile regionen for å delta.

– Dette er eit arrangement til ære for dei som har og har hatt kreft. Samtidig er det til minne for dei som har gått bort på grunn av kreften, forklarer dei.

Det sistnemnde blir markert med ein lysseremoni på kvelden, der folk kan minnast sine kjære, og gi styrke og støtte til dei som kjempar i dag.

Kreative lag

– Kreft er eit alvorleg tema, men vi ønsker å gjera det til ein kjekk dag med mykje aktivitet, seier Mæland og Lægreid.

Dei håpar at arbeidsplassar, vennegjengar og andre konstellasjonar vil stilla med eigne lag på stafetten. I tillegg til å ha ein person på banen til ei kvar tid, oppmodar dei laga til å ha sine eigne aktivitetar på området. Her er det berre kreativiteten som set grenser. Det er heller ingen grenser for kor mange som kan vera på eit lag.

– Vi håpar på kreative lag som vil vera med og laga show, seier dei.

– Heile arrangementet er basert på frivilligheit, og vi har allereie ei god gruppe som jobbar med å få dette i hamn. På sjølve dagen kjem vi til å trenga enormt mange, så det er berre til å melda seg, seier arrangørane.

Underhaldning

Dei ser føre seg ei stor scene der det vil gå føre seg underhaldning gjennom dei 24 timane.

– Vi har mange flinke, lokale artistar, og håpar mellom anna å få med oss nokre av dei, seier Mæland, og strekar under at dette blir eit arrangement for heile Ullensvang kommune og nabokommunane.

– Arrangementet har store kostnader, men vi håpar på god støtte via vår sponsorgruppe. Går vi med overskot går det tilbake til Kreftforeningen, som igjen gir det vidare til mellom anna forsking, seier Lægreid.

Sjølv om den offisielle påmeldinga ikkje har starta endå, kan ein allereie melda inn lag til arrangørane. På dei ulike stafettane rundt i landet har det vore vanleg med 40–50 lag, men på Askøy slo dei til med 70 lag og 3500 menneske på stadion i vår.

På arrangementet deltok og Leif Einar «Lothepus» Lothe, som vart friskmeld frå strupekreft tidlegare i år. Han var ein av mange som fekk gå i starten av arrangementet, i det dei kallar «fighterrunden». Den går ut på at æresgjestane på stafetten – dei som sjølv har hatt eller har kreft – saman går den første runden av løypa medan dei blir hylla av publikum.

– Det blir og eit eige fighter-telt, med eige program for fighterane. Dei kan invitere med seg ein person seier Mæland og Lægreid.

Kvart lag vil få tilbod om eit eige avlukke i eit kjempestort lagstelt på stadion.

– Det blir den einaste kostnaden til laget, informerer Mæland og Lægreid.

Saman med resten av arrangørane har dei no hatt eit kick off-møte, og reknar med å jobba jamt og trutt fram mot neste sommar.

– Vi har allereie fått tilbakemelding på at folk planlegg lag, og veit om folk som kjem frå andre stader for å delta, seier dei.

Med lang erfaring frå å arrangera store arrangement, håpar dei at dette blir så stort som det kan bli.

– Vi satsar på eit kontrollert kaos, seier dei lattermildt.


Artikkeltags