Fredag var politiet ute og gjennomførte laserkontroll på rv. 13 på Sekse. Det er 60-sone på staden, og det vart skrive ut fire forenkla førelegg for fart. Høgaste fart var 80 km/t.
Vidare vart 41 førarar kontrollerte for ruspåverknad, og ingen hadde utslag.
Natt til laurdag hadde politiet promillekontroll i Kløvet på E134. Der vart 20 førarar kontrollerte, og heller ikkje her var det nokon utslag.
Laurdag morgon rykte politiet ut på ordensoppdrag i Odda.
– Det var to som stod og krangla på open gate. Dei krangla så høglydt at naboar melde ifrå til politiet, seier Torsnes.
Dette skal ha skjedd rundt klokka 7 på morgonen. Politiet rykte ut til staden, og då dei kom, roa kranglefantane seg.
– Det var eit par som hadde funne ut at dei skulle ta krangelen på gata. Det vert ikkje skrive noko melding på dette. Paret gjekk tilbake til bustaden sin, og etterpå var det ro.
Elles deltok det lokale politiet med ein patrulje i sykkelrittet Tour of Norway som gjekk laurdag.
– Laurdag kveld kom det inn ei melding om ein bubil som stod og tippa på ein kant i Reinsnosvegen. Politiet rykte ikkje ut, men det gjorde brannvesenet.
Dei fekk saman med ein traktor dratt bubilen på plass i vegen att.