Zero vil ruste opp vasskraftanlegga

Av

Miljøstiftinga Zero arrangerte tysdag eit seminar om potensialet i opprusting og utviding av dei norske vasskraftanlegga. Fleire av innleiarane kritiserte skattesystemet, og etterlyser endring.

DEL

På seminaret, som gjekk føre seg i Oslo, deltok forskingssenteret HydroCen, konsulentselskapet PA Consulting, interesseorganisasjonen Energi Norge, NVE, Statkraft og Olje- og energidepartementet.

Norske vasskraftverk står for 94,3 prosent av produksjonskapasiteten. I energimeldinga som kom i 2016 rekna regjeringa med at det teknisk-økonomiske potensialet for ny kraft gjennom opprusting og utviding er på 6 TWh i året.

Stort potensial

Både Zero, HydroCen og Energi Norge meiner dette overslaget er for forsiktig. Leif Lia i HydroCen og Magne Fauli i Energi Norge reknar med at potensialet kan vere tre til fem gonger større.

Fauli trekker fram at skattesystemet må endrast for å få denne produksjonsauken, og får støtte frå Jon Ulrik Haaheim i Statkraft som meiner rammevilkåra gjer det mindre gunstig å investere i norske vasskraftverk. Han viser til at norsk vasskraft har lågare avkastning etter skatt enn svensk uansett kva straumprisen er.

Eit utval oppnemnd av regjeringa skal levere ein rapport om skattlegginga av kraftverk i oktober i år. Det er tidlegare NVE-sjef Per Sanderud som skal leie utvalet.

Artikkeltags