Rekordtal for kraftnæringa

Foto:

Av
DEL

Investeringane i kraftnæringa auka med 15,4 prosent frå 2016 til 2017 . Investeringane i fjor på 29,8 milliardar kroner var dei høgaste nokosinne.

Det vart mellom anna investert 16 milliardar i kraftnett i fjor, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) torsdag. Investeringsveksten ser ut til å halde fram i år, ifølgje seniorrådgjevar Magne Holstad i SSB.

Investeringar i vindkraftverk var nesten dobbelt så høge som året før og utgjorde i 2017 4,1 milliardar.

På same tid kjem det fram at kraftproduksjonen var rekordstor i fjor, då det vart produsert 149,4 terawattimer (TWh). Vindkraftproduksjonen var på 2,9 TWh, ein auke på 35 prosent frå 2016.

Straumforbruket auka med 1,1 prosent i Noreg frå 2016 til 2017, og det totale forbruket enda på 124,8 TWh.

(©NPK)

Artikkeltags