Kommunen skiltet i HF med kommunal straumstønad, men at dei som har fått stønad i andre høve, vil få avkorta si kommunale straumstønad.

Eg veit ikkje kor godt dei har sett seg inn i den nasjonale ordninga som hadde frist 11.des.

Den ordninga gir ikkje berre stønad, men finansierer også viktige Enøk-tiltak med 50 prosent. I mitt tilfelle vart det søkt både på stønad til solcelle, solfangar, akkumulatortank, luft-til-vatn varmepumpe, energistyring- og målstyringssystem, termisk isolering av røyr og lysstyring. Samstundes som dette er noko eg får stønad til og raskare vil kunne innhenta investeringa på, vel altså lokalpolitikarane å laga ei ordning som ikkje speler på lag med den nasjonale og som straffar dei som faktisk er villige til å investera i enøk-tiltak som å redusera straumkostnad, forbrukstoppar og forbruket.

Eller er poenget at det skal vere ei menneskerett med billig straum fordi me lever i ei kommune med høg straumproduksjon?

Som eit av dei landa med høgast straumforbruk i verda per innbyggar, lurer me både oss sjølv og viser handlingslamming i møte med miljøkrisa. Sjølv om ein vel å setta seg på bakbeina og oversjå eller ikkje tru på global oppvarming, er det eitt av mange døme på at ein ikkje evner sjå det langsiktige perspektivet som tilseier at straumprisane ikkje vil gå ned med det første, og at berekraftsperspektivet sine tre faner; miljø, samfunn og økonomi heng i hop.

Det som er bra for miljøet er i mange døme også bra for oss. Eg håpar og trur me kan ha politikarar og ein administrasjon, som i framtida kan koma med betre ordningar, utan den proteksjonistiske linja dei så ofte syne.

For det er allereie varsla at det vil kome nye energitilskuddsordningar, nytt kommunalt enøk-fond og kommunal straumstøtte.