– Er med så lenge eg kan

Tuba: Frå trompet, til dirigent, til tuba. John Århus har eit langt korpsliv bak seg.

Tuba: Frå trompet, til dirigent, til tuba. John Århus har eit langt korpsliv bak seg.

Artikkelen er over 3 år gammel

Sidan starten for 55 år sidan har han vore med på trompet, tuba, som dirigent og på stortromme i 17. mai-toget.

DEL

– Det begynte med at det kom ein heim til far min og skulle læra han å spela. Då var eg 12 år. Eg lånte instrumentet hans då han var på jobb utan at han visste det, mimrar John Århus, som nyleg fylte 80, lattermildt.

Det enda med at han og faren begynte samtidig i Evanger musikklag.

– Eg hugsar ikkje så masse. Men eg hugsar at eg var den einaste som fekk gå i lange bukser i 17. mai-toget før eg var konfirmant, humrar Århus.

55 år

I Nå musikklag har han vore med frå starten, som var for 55 år sidan. Då var det eit skulekorps. I dag er snittalderen over 50 år.

– Det er på tide det skjer noko nytt, seier den 80 år gamle tubaisten alvorleg.

– Det er dårleg med rekruttering. Når dei er ferdige på ungdomsskulen fer dei som regel over til noko anna.

I dag har musikklaget 24 medlemmar. Fleire av dei har vore med sidan oppstarten.

– Det er mykje som har endra seg. Eg hugsar at me sat og skreiv av notane når me skulle kopiera. Dei første kopimaskinene var heller ikkje så enkle som dei me har i dag, fortel Århus.

Johan Reisæter, som har spelt saman med jubilanten store delar av livet, skryt av innsatsen han har gjort for musikklaget.

– Han har levd og ånda for laget heile vegen.

I 25 år var Århus sjølv dirigent, men sidan 1987 har han vore fast på tuba, sjølv om han stiller villig opp med dirigentstaven når dei treng vikar.

– Han har også alltid vore til stor hjelp, og er no instrumentansvarleg, der han og gjer ein veldig god jobb, skryt Reisæter.

Slår på stortromma

– Det er kjekt og sosialt å spela. Det kjekkaste er når me har spelt noko og alle synest at det gjekk veldig bra, seier Århus, som har stilt opp både på julaftan og 17. mai i ein mannsalder.

– No når eg er pensjonist passar det jo endå betre. Kjerringa gler seg til å bli kvitt meg ein kveld i veka, ler han.

– Kor lenge har du tenkt å halde på?

– Nei, ein får vere med til ein blir utstøytt. Eller til det blir for tungt, seier den spreke 80-åringen.

Dei siste åra har det blitt for tungt å blåsa og marsjera samtidig, men då stiller han med stortromma i 17. mai-toget i staden.

– Han snakka om å slutta for mange år sidan. Men det har heilt forsvunne, seier Johan Reisæter om kompisen.

Artikkeltags