Bogetvedt har adresse i Kongsberg, og flytta frå Odda som student. Barytonisten, som har vore med i marinemusikken nesten uavbrote sidan 1984, gir mellom anna Harald Knutsson mykje av æra for at han enda opp i korps.
– Det var i Odda skolekorps eg starta, og Knutsson var ein stor inspirator som er mykje av grunnen til at eg kom inn på dette området, seier Bogetvedt.
I Marinen speler han baryton, med trombone som bi-instrument, og han ser no fram til å jobba med unge menneske i gardemusikken frå 1. august.
– Det blir stas å forhåpentlegvis ha nokre fine konsertar med dei, seier han.
Bogetvedt sitt jobbskifte er ein intern forflytting i Forsvaret, og han har tatt på seg dirigentvervet for eitt år, men det kan bli lengre.
– Etter Forsvaret sine reglar er det berre tre år att til eg blir pensjonert, forklarer han.