Desse kjem til Odda

Til Odda: H.M. Kongens Gardes Musikkorps.Foto: Heiko Junge/SCANPIX

Til Odda: H.M. Kongens Gardes Musikkorps.Foto: Heiko Junge/SCANPIX

Artikkelen er over 1 år gammel

Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps kjem til Odda og skal ha konsert og drilloppvisning.

DEL

– Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps med fullt orkester og drillkorps kjem til Odda måndag 2. juli. Det vert konsert og drilloppvisning i sentrum fortel Inge Lægreid.

Den entusiastiske leiaren i Odda By fortel at dei no planlegg festdagen. Det er Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps, 3. kompani (musikk og drill) som kjem til Odda, og totalt er det 130 personar i følget.

Oddingen Bjørn Bogetvedt er dirigent, og han er truleg årsaka til at byen får eit så profilert besøk. I utgangspunktet seg ein for seg konserten i sentrum på føremiddagen, men om det er dårleg vêr håpar Lægreid at ein kan trekka inn under Skalltaket.

Det er ikkje småtteri som kjem; Janitsjar-besetningen er på 56, og signalkorpset er om 20 personar.

Bogetvedt er mest kjent som eufoniumist i KNMM der han har tenestegjort sidan 1984. Frå 1979 til nyåret 1981 var oddingen korist i mannskoret Vrakpant i Vazelina Bilopphøggers.

57-åringen har gjennom karrieren dirigert ein mengde korps og orkester. Ifølge Wikipedia tok han hausten 2017 over etter Eldar Nilsen som dirigent for musikktroppen i Hans Majestet Kongens Garde.

Artikkeltags