Gå til sidens hovedinnhold

Koronastatus i Ullensvang: Ni personar isolerte - 49 personar i karantene

Det har ikkje kome nye positive covid-19-testar i Ullensvang kommune tysdag.

Det melder ordførar Roald Aga Haug på heimesida til Ullensvang kommune.

– Det er ingen nye smitta i dag, skriv ordføraren.

Framleis er ni personar i isolasjon, ingen inn og ingen ut.

Og framleis er 49 personar i karantene.

Les også

Fullvaksinerte i kommunen blir smittet: – Bekymret

Kommentarer til denne saken