Gå til sidens hovedinnhold

Koronasmitte påvist i Ullensvang: – Me er ikkje ferdige med korona enno

Kommuneoverlege Daniela Brühl oppmodar alle som er sjuke eller har symptom til å halde seg heime.

– Me er ikkje ferdige med korona enno. Det er viktig at folk hugsar på, særleg i tida framover, seier Brühl.

Tysdag kom det pressemelding frå Ullensvang kommune, der det står at det er meldt om tre positive covid-19-prøvar i kommunen. Alle skal ha kjend smitteveg. I tillegg til desse tre har to nærkontaktar testa positiv på heimetest, men desse prøvane er ikkje stadfesta enno.

Rundt klokka 16 kjem det ny melding. Dei to hurtigtestane er bekrefta med positiv PCR-test.

Kommuneoverlegen peikar på at dette ikkje var uventa, i lys av smittesituasjonen elles i landet.

– No har folk levd isolert med smitteverntiltak over lenger tid. Det betyr at befolkninga ikkje har det same immunforsvaret mot til dømes forkjøling og influensa lenger. Me kan vente oss at folk vert mykje sjuke framover, og då er det viktig at ein held seg heime. Me risikerer at fleire må vere heime dersom ikkje dei som er sjuke held seg heime, seier Brühl.

Ho oppmodar alle som har symptom på forkjøling, eller covid-19 elles, om å teste seg for korona. Gjerne ta heimetest, som ein kan få kjøpt på apoteket, eller ved å ringe koronatelefonen til kommunen for timeavtale.

– Eg vil òg skryte over handelsstanden i kommunen. Eg synest det er fantastisk at dei held på smitteverntiltaka. Det bidreg til å halde alle sjukdomar nede, avsluttar Brühl.

Ullensvang kommune skriv vidare i pressemeldinga at ein er førebudd på lokale tiltak dersom smitten tek seg opp lokalt. Innbyggarane vert oppmoda om å følge smittevernråda, vaske hender ofte og halde seg heime når ein er sjuk.

Her kan du lese meir om kva du skal gjere ved symptom.

Ullensvang tilbyr no dose tre med covid-19-vaksine til personar som er 65 år eller over. Vaksinasjon vil gjennomførast frå november 2021 til januar 2022. Dei eldste vert kalla inn først, og alle vil få innkalling på SMS.

Kommentarer til denne saken