Gå til sidens hovedinnhold

Populær utedag i snøen

Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag var det akebrett og quiz i skiløypa som gjald på Korlevoll.

– «Kom deg ut»-dagen er viktig for turlaget, både for at me får ein sjanse til å visa kva me gjer og kven me er, men også for at flest mogleg skal få sjansen til å komma seg ut, seier leiar i Barnas turlag i Odda og Ullensvang, Bergey Oladottir.

Korlevoll

Derfor legg dei arrangementet til lett tilgjengelege plassar, og søndag var det Korlevoll som var staden.

– Ein skal ikkje trenga mykje utstyr eller fjellerfaring for å vera med. Dei som vil gå lang tur kan gjera det, og dei som berre vil vera her og aka eller stå på ski kan gjera det, seier ho.

Målet er å få med også dei som ikkje vanlegvis er ute, slik som Ivar Jensen (14) og Mats Kleppe (11) som koste seg i akebakken.

– Me akar ikkje så veldig ofte, ler dei to fetrane frå Odda.

– Me er vel mest inne til vanleg, seier Mats.

– Ja, då går det mest i dataspel, seier Ivar.

Meir erfarne turgåarar er då dei tre jentene Linnea Norbustad, Mari Opedal og Hermine Larsson (alle seks år) som alle er med i barnas turlag. Dei fekk bryna seg på «Turtipp», ein quiz i skiløypa for både vaksne og barn.

– Det var ikkje så veldig vanskelege spørsmål, seier jentene, som alle kunne svare på kva fjellvettreglane seier det er ingen skam å gjera, og kva nummer ein skal ringa om ein treng medisinsk hjelp.

Vervekampanje

– Dette er jo ein slags vervekampanje for oss også. I fjor fekk me mange nye medlemmar på «Kom deg ut»-dagen, seier Oladottir.

No kan heile familiar melda seg på saman, og turlaget håpar på endå fleire medlemmar så fleire får komma seg ut, men og så dei får meir støtte til DNT sitt arbeid.

Søndag var «Kom deg ut»-dagen arrangert over heile landet, og er eit årleg arrangement som finn stad både vår og haust.

Kommentarer til denne saken