Kontrollerte promille frå nord til sør

DEL

UP gjennomførte i går føremiddag promillekontroll i Kinsarvik og på Lofthus.

- Det resulterte i ingen utslag og ingen skriftlege reaksjonar, fortel lensmann Terje Kvalvik ved Hardanger lensmannskontor.

Seinare på dagen gjennomførte UP nokre kontrollar i Seljestad-Røldal området.

Der vart det kontrollert 35 stykk for promille, med ingen utslag.

- Det vart skrive ut tre forenkla førelegg for fart. Høgaste hastigheit var 85 km/t i 70-sona, opplyser Kvalvik.

I går kveld hadde politiet promillekontroll i Odda sentrum. 50 vart kontrollert, med ingen reaksjonar.

Artikkeltags