Gå til sidens hovedinnhold

Konfirmasjonar i Ullensvang følger FHI sine råd

Hardanger Folkeblad tok kontakt med Ullensvang kommune for å høyre om smittesituasjonen får konsekvenser for gjennomføringar av konfirmasjonar.

Rådmann i Ullensvang, Ole Jørgen Jondahl, opplyser at konfirmasjonane følger smittevernråda til FHI. Det gjeld òg for alle andre arrangement.

Det vert vist til FHI si oversikt over reglar og råd for arrangement, samlingar og aktivitetar.

Det har den siste veka vore eit større smittetrykk i kommunen, men det er ikkje sett i verk tiltak utover dei nasjonale tiltaka og tilrådingane i Ullensvang.

Odda vidaregåande skule vart torsdag sett til gult nivå, og kapasiteten ved legesenteret i Odda er redusert.

Kommunen oppmodar innbyggarane til å:

- Syte for god handhygiene.

- Halde minst éin meter avstand.

- Hoste i armkroken.

- Halde seg heime og teste seg om ein er sjuk.

- Bruke munnbind der ein ikkje kan halde éin meter avstand, særleg i butikkar og på offentleg transport.

Utover dette vert det vist til FHI si oversikt over nasjonale råd og tiltak.

Kommentarer til denne saken