No er dei i gang saman

Nyskapning: Nytt liv og ny giv skal gro fram på solide grunnmurer når Jondal, Odda og Ullensvang vert felles kommune. Foto: Mette Bleken

Nyskapning: Nytt liv og ny giv skal gro fram på solide grunnmurer når Jondal, Odda og Ullensvang vert felles kommune. Foto: Mette Bleken

Artikkelen er over 3 år gammel

Etter fleire framlegg, inkludert å utsetja valet – og gruppemøte, vart ordførar i Ullensvang herad, Solfrid Borge (Sp), samrøystes valt som leiar i mellombels fellenemnd for kommunane Ullensvang, Jondal og Odda.

DEL

Odda-ordførar Roald Aga Haug fekk vervet som nestleiar.

Eit framlegg frå Erlend Nævdal Bolstad (H, Odda) om at rådmennene vert sekretariat for mellombels fellesnemnd, vart samrøystes vedteke, det same at sekretariatet oppnemner referent.

Ein tillitsvald frå kvar kommune får møte- og talerett i nemnda. Terje Kollbotn (R, Odda) ville endra det til «tillitsvalde», men det fall med to mot 19 røyster.

Den mellombelse fellesnemnda hadde sitt fyrste møte måndag denne veka, og gjennomførte både val og diskuterte organisering av prosjekt ny felles kommune.

Fleire styringsdokument og drøftingssaker låg på bordet.

Dei vart vedtekne, med nokre justeringar.

Nemnd og utval

Desse sit i mellombels fellesnemnd: Frå Jondal: Jon Larsgard (Sp), Olav Magnus Hammer (Ap), Elin Eide (H) og Reidun Haugen Dalseth (KrF).

Frå Odda: Roald Aga Haug (Ap), Linda H. Jondahl (Ap), Johnny Vikne (Ap), Therese K. Børve (Ap), Terje Kollbotn (R), Erlend Nævdal Bolstad (H), Anna Maria Kråkevik (H), Anne Marit Buer (V) og Marit Backer-Owe (KrF).

Frå Ullensvang: Solfrid Borge (Sp), Kåre Grønsnes (SV), Olav B. Hus (Sp), Hildegunn Espe (Sp), Amund Velure (Ap) og Terje S. Bleie (H).

Dei tre ordførarane vart valt til arbeidsutval.

I partsamansett utval vart valt for Jondal: Olav Magnus Hammer, Elin Eide og Reidun haugen Dalseth. For Odda: Therese K. Børve, Terje Kollbotn og Erlend Nævdal Bolstad. For Ullensvang: Olav B. Hus, Hildegunn Espe og Terje S. Bleie.

Næraste framtid

Neste møte i førebuande fellesnemnd vert 22. juni i Jondal.

28. august vert det felles kommunestyremøte for Jondal, Odda og Ullensvang.

Endeleg fellesnemnd skal konstituerast på same dag.

Når det gjeld informasjonstiltak og nyhendebrev, får alle kommunane ansvar for gjennomføring.

For prosjekt Ullensvang kommune skal prosjektleiing på plass.

Roald Aga Haug sitt framlegg om at arbeidsutvalet raskt kjem saman for å leggja fram forslag til utlysing av prosjektleiing, vart samrøystes vedteke.

Ulike alternativ skal leggjast fram, og ein kan vurdera å leiga inn prosjektleiar for å koma raskt i gang med prosessen. Fellesnemnda skal etter planen få sak før sommarferien.

Framtida

Frå prosjektplanen (som vil verta justert og utvida) står det mellom anna i plankapittelet om omstilling: «Overordna personalpolitiske retningslinjer for å sikra overgangen frå gamal til ny kommune. Tema for planen vil mellom anna vere prinsipp for medverknad, mal for kartleggingssamtale, organisasjonskart og bemanningsplanar, kriterium for utveljing av overtalige, prosedyre for innoplassering».

Nye Ullensvang kommune vil bestå av 11.500 individ, fordelt på 3 261 kvadratkilometer.

«Det vil vere både den politiske og den administrative leiinga sitt ansvar å leggja til rette for at intensjonane får eit faktisk innhald og at ein tenkjer framtidige løysingar til det beste for alle», vert det og slege fast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken