Kommunesamanslåinga kosta meir enn ein får i kompensasjon

Utgiftene til kommunesamanslåinga byrja i 2017. No skal politikarane i Ullensvang kommune godkjenna ein rekneskap som viser utgiftene og inntekter frå 2017 fram til 1. januar 2020. På sikt skal dei ta stilling til korleis finansiera eit underskot på vel 11 millionar kroner.