Odda vert administrasjonssenter

Kommunesamanslåing, Søralternativ 1. Odda, Ullensvang, Jondal

Kommunesamanslåing, Søralternativ 1. Odda, Ullensvang, Jondal Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ny kommune skal heita Ullensvang herad.

DEL

Odda, Jondal og Ullensvang har no laga ferdig ein intensjonsavtale for mogleg samanslåing av dei tre kommunane. Den nye kommunen skal mellom anna få namnet Ullensvang herad.

Les og: Eidfjord går ein ekstra omgang

Intensjonsavtalen for Sør skal opp til godkjenning i heradsstyret måndag 29. februar – då får også  politikarane i Ullensvang intensjonsavtalen for Nord opp til godkjenning.

Intensjonsavtalen skal opp i Odda kommunestyre onsdag 2. mars, og noko seinare i Jondal.

Nynorsk

I avtalen er det også semje om at den nye kommunen skal ha nynorsk som målføre og eit kommunevåpen som tar utgangspunkt i Ullensvang sitt kommunevåpen. Det nye kommunestyret skal ha 33 representantar med ni representantar i formannskapet.

Samanslåingsprosessen skal  vera prega av likeverd, vidsyn og forståing av kvarandre sin ståstad.

Administrasjonssenteret vert lagt til rådhuset i Odda. Kinsarvik og Jondal skal ha status som kommunedelsentre med desentraliserte tenester og lokale kontaktpunkt for dei mest sentrale tenestene.

Bygdesenter

Utne og Røldal skal ha status som bygdesenter, og skal oppretthalda det desentraliserte  tenestetilbodet dei har i dag.

Les og: – Vi er i dialog med begge kommunane, slik at vi kan opparbeide eit likt grunnlag, som vi kan ta vidare til bygdefolket for ei eventuell folkeavstemming

Ingen tilsette i dei tre kommunane skal seiast opp som følgje av prosessen.

I Intensjonsavtalen er det det lagt til grunn ein andelmesisg fordeling av arbeidsplassar innan sentrale funksjonar som IKT, økonomi, post/arkiv og andre støttefunksjonar  skal lokaliserast til kommunedelsentra (Kinsarvik og Jondal).

Ifølgje avtalen skal verken skule- eller barnehagetilbodet endrast som følgje av kommunesamanslåing. Pleie og omsorgtenesta skal vera desentralisert med sjukeheimar i Kinsarvik, Jondal, Utne, Odda og Røldal.

Artikkeltags