Trekløveret i nord møtest

Travel: Ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum (V) ynskjer å få i hamn ein avtale om samanslåing. Arkivfoto

Travel: Ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum (V) ynskjer å få i hamn ein avtale om samanslåing. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei tre kommunane Eidfjord, Granvik og Ulvik arrangerer eit ope møte om kommunestruktur måndag.

DEL

Den siste tida har Eidfjord kommune, Granvin herad og Ulvik herad fått opp farten i diskusjonen om samanslåing. Fristen for å verta einige er frå kommunaldepartementet sett til 1. juli.

Les og: Dei fleste trur på Eidfjord åleine

Det er spesielt Granvin, som har fatta vedtak på at dei uansett vil slå seg saman med andre kommunar, som har det travelt. For skulle forsøket på å slå seg saman med Ulvik og Eidfjord stranda, må Granvin ha nok tid til å vurdera andre alternativ.

På møtet i Eidfjord måndag kveld skal styringsgruppene som er sett til å arbeida med kommunereform i dei tre kommunane, ta stilling til om eit framlegg til ein intensjonsavtale dei tre kommunane har utarbeida i fellesskap, skal leggjast fram for kommunestyra i dei tre kommunane.

Les og: – Enklare med tre partar

Kommunestyra vil deretter eventuelt ta stilling til korleis innbyggjarane skal få ta del i avgjerda om framtidig kommunestruktur.

Framlegget til intensjonsavtale vert ikkje presentert før på sjølve møtet, opplyser assisterande rådmann i Eidfjord, Geir Underhaug.

Det opne møtet vil verta overført via internett, og kan der verta sett i etterkant.

Artikkeltags