Intensjonsavtale om samanslåing

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Etne og Vindafjord kan verta ein kommune.

DEL

På eit møte mellom formannskapa i Etne og Vindafjord kommunar tysdag, blei det semje om ein intensjonsavtale der det heiter at «Kommunane har som mål å etablera ny kommune frå 1. januar 2020, skriv Haugesunds Avis.

Kommunesenteret skal vera Ølen og målforma skal vera nynorsk. Namnet er det førebels ikkje semje om.

Kommunestyra i dei to kommunane tar stilling til intensjonsavtalen 21. juni.

Passerer avtalen begge kommunestyra, blir det rådgjevande folkerøysting i både Etne og Vindafjord tidleg i september, sannsynlegvis 10. - 12. september. skriv Haugesunds Avis.

Artikkeltags