Kommuneoverlegen forklarar forskjell på karantene og isolasjon

Kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernoverlege Steinar Jacobsen.

Kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernoverlege Steinar Jacobsen. Foto:

– Det beste vil vera om ein kan få andre til å handla for seg, men må ein gå i butikken, kan ein det, melder kommuneoverlegen i Ullensvang.

DEL

Folk er forvirra over kva som er kva i samband med karantene og isolasjon.

– Dei trur at folk i karantene skal vera heime heile tida, men det er berre ei tilråding som legetenesta i Ullensvang støttar, formidlar kommuneoverlege i Ullensvang, Daniela Brühl.

Her er tilrådinga som kommuneoverlegen vil formidla ut:

– Er ein i karantene betyr det at ein skal halda seg heime frå jobb, skule eller barnehage. Ein kan gå ut, om ein ønskjer det, men ein må ivareta god handhygiene, og halda avstand til andre menneske.

– Best om andre kan handla

Det beste vil vera om ein kan få andre til å handla for seg, men må ein gå i butikken, kan ein det. Ein må berre tenkja på det med handhygiene og å halda avstand til andre.

Folkehelseinstituttet sitt råd til personar i heimekarantene er:

Du kan gå ut av eigen heim, men vi tilrår å unngå nær kontakt med andre.

Det inneber å:

  • Ikkje gå på jobb eller skule.
  • Unngå reiser og ikkje ta offentleg transport.
  • Unngå andre stader der ein lett kjem nær andre.

Litt forvirring etter SMS

Laurdag sende Ullensvang kommune ut ein SMS der det vart oppmoda om å overhalda karantenen, og følgja dei pålegga som er gitt. Det står: – Ikkje bryt karantenen. Få andre til å handla for deg.

Kommunen har fått fleire meldingar om personar som ikkje overheld karantenen, vert det vidare sagt.

Men det er altså ikkje forbod mot å handla når ein er i karantene, sjølv om det er tilrådd å unngå det.






Artikkeltags