Ullensvang kommune oppmodar om å følge reglane for bruk av fyrverkeri, for ein trygg og skadefri kveld nyttårsaftan. Det berre lov å bruke fyrverkeri mellom klokka 18:00 og 02:00 nyttårsaftan.
– Auge og ansikt er spesielt utsett, så bruk vernebriller, skriv kommunen på sine heimesider.
Gode råd for bruk av fyrverkeri:
- Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid og finn ein eigna stad.
- Les bruksrettleiinga nøye før bruk.
- Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd.
- Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
- Bruk vernebriller og tennstav.
- Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
- Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet bort og komma deg trygt på avstand.
- Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
- Hald god avstand frå oppskytinga.
- Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
- Ubrukt eller defekt fyrverkeri kan berre returnerast til forhandlar. Brannvesen, politi eller gjenvinningsstasjonar tar ikkje imot dette.