Kommunen med nye korona-råd: — Legg oss på ei mykje hardare linje

Smittevernlege Steinar Jacobsen.

Smittevernlege Steinar Jacobsen. Foto:

Smittevernlege i Ullensvang kommune, Steinar Jacobsen, er klar på at det er viktig å følge råda sjølv om det endå ikkje er påvist smitte i kommunen. — Det er berre eit spørsmål om tid, seier han.

DEL

Tysdag kom helsedirektoratet med overordna anbefalingar for retningslinjer ein skal følge for å unngå smitte av koronavirus i forbindelse med arrangement som samlar mange personar. Dei anbefalte å ikkje gjennomføre tilstellingar med meir enn 500 personar.

— I Ullensvang kommune har vi vurdert at dette er for defensivt, og vi har lagt oss på ei mykje hardare linje, seier smittevernlegen.

Kommunen har sett ned ei beredskapsgruppe for korona, som har tatt denne avgjerda onsdag. Dei har bestemt at ein ikkje bør gjennomføre arrangement med over 100 personar.

— Derfor er Hardanger spillfestival og handbakstemnet som var planlagt i helga avlyst. Det er og Zinken Cup som skulle finne stad neste helg, seier han.

Framover vil det vera ei usikker tid for dei som skal arrangere liknande tilstellingar.

Dette skriv Ullensvang kommune om koronavirus

Råd og informasjon vedr større forsamlingar av personar for å begrense smitte

Beredskapsgruppen for coronavirus-pandemien i Ullensvang kommune kjem med følgjande restriksjonar og råd i kommunen:

  • Arrangement med mange tilreisande vert råda avlyst.
  • Arrangement der folk har tett kontakt over tid, f.eks. kulturarrangement og idrettsturneringar, vert og råda avlyst.
  • Helsedirektoratet har overordna gitt slik tilråding for arrangement med over 500 deltakarar, medan Ullensvang kommune har beslutta å setja denne grensa ved 100 deltakarar.
  • Kulturelle arrangement i mindre skala enn dette, som f.eks. korpsøvingar, fotballtreningar, kino mv. kan gjennomførast. Personar som har vore i område med vedvarande coronasmitte skal unngå å oppsøkje slike, og personar som har symptomer på luftvegsinfeksjon skal heller ikkje møta. Ein bør ved slike arrangement vurdera tiltak som reduserer smittefare, som f.eks. å avstå frå matservering.
  • Arrangement i sjukeheimar og andre institusjonar for eldre vert tilrådd avlyst. Vanlege besøk bør avgrensast, og ein skal ikkje gjenomføra besøk om ein har symptom på luftvegsinfeksjon, om ein nyleg kjem tilbake frå område med vedvarande smitte, eller har hatt kontaktar som medfører auka risiko for at ein kan overføra smitte.
  • Mindre arrangement for lokale aktørar: f.eks. medlemsmøter, bursdager og liknand). Desse kan gjenomførast som vanleg, men personer med risiko og personer med mogleg smitte bør ikkje delta.
  • Det er vanskeleg å gje universelle reiseråd, utover dei Folkehelseinstituttet gir på sine nettsider. Det er likevel grunn til å råde folk til å behovs- og nytte-vurdera alle reiser, både utanlands og innanlands.


Ullensvang kommune har ei befolkning der ein høgere del av innbyggjarane er i risikogruppene for å kunne utvikla alvorleg sjukdom ved corona-infeksjoner enn i kommunar flest. Innbyggjarane vert anmoda om å tenkje førebyggjende tiltak, og ivareta det ansvar vi alle har for å prøve å avgrensa epidemien, og dermed skjerma/beskytta dei helsemessig mest utsette gruppene i kommunen vår.

Folk reiser mykje

Kommunen ber no folk om å behovs- og nyttevurdere alle reiser, både utanlands og innanlands.

— Det er vanskeleg å gi universelle reiseråd. Vi veit at det er mange som reiser, til dømes både til Oslo og Bergen, der det er smitte. Det er og påvist smitte i to nabokommunar, seier Jacobsen.

Han meiner det viktige no er å finne ein rett balanse mellom å ta dette på alvor, og å ikkje bli hysteriske.

— Særleg med bakgrunn i erfaringane frå Nord-Italia, der media ikkje har klart å formidle kor ille det faktisk er. Vi kan ikkje hindre denne epidemien frå å komme til Ullensvang, men vi kan prøve å flate den av, slik at vi har behandlingstilbod til dei som treng det, seier han.

Jacobsen meiner alle har eit viktig personleg ansvar, då kommunen ikkje kan kontrollere at alle følger råda dei gir.

Mange tar kontakt

— Den siste tida har det vore ein eksplosjon av førespurnader, seier Jacobsen.

Han fortel at berre i løpet av ein time onsdag kom det inn 24 telefonar, og at det er umogleg å svare alle.

Smittevernlegen seier at dei som vender seg blir stadig vanskelegare å vurdere strengt sett opp mot Folkehelseinstituttet sine krav om kven som sal testast.

— Det er fleire vi ønsker å teste som ikkje nødvendigvis oppfyller krava, seier han.

Laboratoriet på Haukeland, som dei sender testane til, tar no korona-test på alle luftvegsprøvar, også dei som ikkje gjeld mistanke om koronasmitte. Det trur han vil gjere at dei får endå betre oversikt.

— Eg hadde trudd at det var fleire som kom til å ringe inn som hadde unødvendig panikk, men eg opplever at dei som tar kontakt er relevante, seier han.

Dei vil no i løpet av kort tid få på plass eigne brakker utanfor inngangsdøra til legekontoret, som ein kan bruke til pasientar ein mistenker er smitta av koronavirus.

— Dei ønsker vi ikkje å ha inn døra på legesenteret. Vi minner om at dei som trur dei kan vere smitta må ta kontakt via telefon og ikkje møte opp.

Torsdag er det kalla inn til kommunal kriseleiing om koronaviruset.

Kan bli aktuelt å stenge skular

Jacobsen seier at ein no snart går inn i ein fase der det å behandle folk for koronaviruset blir viktigare enn prøvetaking og smittesporing.

— Foreløpig blir alle ressursar sett inn på å teste dei som har mistanke om viruset. No kjem vi nok til å ha eit vidare nedslagsfelt for testinga enn det vi har hatt dei første vekene, seier han.

Talet på kor mange i kommunen som er i karantene varierer frå dag til dag. Tysdag var det ingen, men onsdag er det personar i kommunen som er i karantene.

— Alle som blir testa er i karantene fram til det kjem negativt testresultat. I visse tilfelle er personar i karantene i 14 dagar uavhengig av resultatet, seier han.

Avhengig av utviklinga i tida framover, kan tiltak som det å stenge skular bli aktuelt.

— Det kan skje i ein periode. Eg trur vi har ein fase no som er heilt annleis enn den vi kjem til å vere i seinare på våren, seier han.

Smittevernlegen stiller seg svært positiv til at arbeidsplassar innfører heimekontor og fleksitid for å unngå smitte.

— Ha høgare terskel for vanlege legetimar

Jacobsen påpeiker at denne epidemien kjem til å vere utfordrande for helsevesenet både lokalt og nasjonalt, truleg over lang tid.

— Eg vil oppmode folk om å ha høgare terskel for å søke helsehjelp om ting som kan utsettast, då vi er heilt avhengige av meir tid til dette framover. Vanlege kontrollar av kroniske sjukdommar og liknande vil det vere til stor hjelp at folk kan utsette i det kommande året, seier han.

Han stadfestar at dei har eit årsperspektiv, kanskje lenger, på koronaepidemien.

Artikkeltags