Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen har justert tilboda sine

Dei som er råka har fått informasjon frå smittesporarane, informerer kommunen.

Det er påvist smitte med covid-19 i Eidfjord kommune i løpet av dei siste dagane, melde kommunen tysdag kveld.

Me ber om at alle følgjer tilrådingane om munnbind i situasjonar der det ikkje er mogeleg å halda ein meter avstand, som for eksempel i butikkar, ulike aktivitetar og arrangement, skriv kommunen.

Kommunal kriseleiing (KKL) har vurdert situasjonen. Konklusjonen er at Eidfjord kommune ikkje innfører lokale tiltak no, men fylgjer dei nasjonale tiltaka. Førmålet med tiltaka er å avgrensa kontaktpunkt. Der det er mogeleg vert det tilrådd å ha digitale møte, og elles leggja til rette for smittesporing ved fysiske møte.

KKL har gått gjennom kommunal tenesteproduksjon og kapasiteten til å driva tenestene i trå med dei nasjonale tiltaka.

Konsekvensar:

  • Bassenget – stengt, men ope for skulen.
  • Terapibassenget – stengt.
  • Eidfjordhallen – fast bruk går som før med avgrensingar i tal og registrering av kontaktinformasjon. Garderobane er stengde (opne for skulen).
  • Styrkerommet – maks tre personar, med registrering.
  • Utleiga av kulturbygg – stengd for nye utlån i fire veker.
  • Kino – maks 42 personar, og registrering av kontaktinformasjon.
  • Fritidsklubben – går som normalt, med registrering.
  • Skule og barnehage – på grønt nivå.

Kommentarer til denne saken