Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen fekk mange negative testsvar i dag

– Vi har fått mange negative testsvar i dag. Dei einaste positive prøvesvara som er komne, er positive svar på sendeprøvane til dei personane som testa positivt på hurtigtestar i går.

Det opplyser Ullensvang kommune i ei pressemelding måndag kveld.

Om lag 100 personar møtte til prøvetaking måndag og det er 2,5 gonger fleire enn den tidlegare lokale «rekorden».

– Av prøvane som vart tatt i går, manglar det berre svar på 2 – dei andre har vore negative. Det vil medføra at mange personar vil bli tatt ut av ventekarantene. Kommunen er i gang med dette, seier ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap).

Om lag 70 personar som er knytt til utbrotssituasjonen blei testa måndag. Vel 20 personar som ikkje er knytt til utbrotet blei òg testa. Den positive hurtigtesten på person knytt til Hestavoll barnehage er blitt bekrefta ved sendeprøve, opplyser kommunen.

– Personar som har nytta seg av den omtalte rutebussen mellom Kinsarvik og Odda, avgang kl. 07.20 frå Odda og kl. 14.00 frå Kinsarvik måndag til fredag i veke 12, må framleis halda seg i ventekarantene inntil kommunen har fått stadfesta eller avkrefta smitte, seier Haug.

Gjester på Smeltehuset, som er stengt grunna eit smitteutbrot, treng ikkje vera i karantene eller ventekarantene om ikkje dei vart kontakta av smittesporingsteamet.

Les også

Her er alle ansatte i karantene

Utviklinga av utbrotssituasjonen er likevel framleis usikker, melder kommunen. Innbyggarar og besøkande må halda fram og følga strenge smittevernråd og kommunen peikar spesielt på to tiltak:

  • Unngå sosial kontakt.
  • Bruk munnbind i det offentlege rom innandørs, i butikkar og på bensinstasjonar.

Vaksinasjonsprogrammet held fram som planlagt med vaksinering i Tyssohallen onsdag ettermiddag og kveld.

– Karantenesette skal sjølvsagt ikkje møte til vaksinering, og må melde avbod i så tilfelle, skriv kommunen i pressemeldinga.

Koronatelefonen vil vera open kvar dag i påsken mellom kl. 11–13. Teststasjonen vil òg vera open kvar dag gjennom påsken. Opningstidene kan verta ytterlegare utvida dersom utbrotssituasjonen eskalerer.

– Personar som har symptom eller har mistanke om smitte kan retta seg til koronatelefonen for avtale om testing, seier ordføraren i pressemeldinga.

Status måndag etter utbrotet er følgande:

Tal smitta totalt: 9

Tal bekrefta smitta i dag: 0

Tal klynger/husstandar med smitte: 4

Tal negative testar i dag: 18

Tal i karantene: 70 (enkelte vil gå ut av karantene ved midnatt grunna negative prøvesvar).

Tidslinje for Ullensvang-utbrotet

Søndag 28. mars hadde totalt ni personar fått påvist korona sidan fredag 26. mars. Utgangspunktet for smitten kjem frå Haugalandet og smitte frå ein vaksen person.

Personane som testa positivt søndag var nærkontaktar av tre personar som fekk påvist smitte på fredag.

Fire vaksne fekk påvist covid-19 ved PCR-testar. tillegg hadde fem testa positivt ved hurtigtest, fire born og ein vaksen.

Kriseleiinga i kommunen hadde to møte i løpet av søndagen. Parallelt var det fullt trykk på den omfattande smittesporinga. Kommunen varsla seinare nytt møte i kriseleiinga måndag klokka 19 og sa dei ville koma med meir informasjon i etterkant av dette møtet.

Koronatilfella i kommunen er med overveldande sannsyn den «britiske» varianten av koronaviruset, sidan smitteveg frå Haugesund er avdekt.

Ullensvang kommune opplyste i ei pressemelding søndag kveld at dei involverte skulane og barnehagane er følgande:

■ Hestavoll barnehage i Odda er stengd. Born og tilsette er nærkontaktar og i karantene. Husstandane til tilsette og born er i ventekarantene.

■ Odda barneskole: 4., 5. og 6. trinn er sett i ventekarantene. 30 tilsette i ventekarantene.

■ Jondal skule og SFO: Tilsette og born i ventekarantene. 28 elevar og 11 tilsette ved 3. og 4. trinn. SFO er open.

■ Jondal barnehage: To avdelingar ved barnehagen er stengde. 39 er i ventekarantene

■ Vaksenopplæringa i Odda og Kinsarvik: Ti tilsette og 28 elevar. I tillegg kjøper ein skuleplass i Norheimsund- og denne tenesta er varsla.

■ Verksemd for inkludering: Tre tilsette er i ventekarantene.

Slik var smitteutviklinga i det første året med korona:

* I ein tidlegare versjon av denne saka skreiv vi at kommunen sende ut pressemelding tysdag kveld. Det riktige er måndag kveld. Artikkelen vart oppdatert klokka 21:21.

Kommentarer til denne saken