Kommunen er allereie i ein anstrengt situasjon: - Ein reell fare for overbelastning av helsetenestene

Ordførar: Roald Aga Haug seier han er redd folk ikkje tar kommunen sine tilrådingar på alvor.

Ordførar: Roald Aga Haug seier han er redd folk ikkje tar kommunen sine tilrådingar på alvor. Foto:

- Eg registrerer at nokre av innbyggarane ikkje tar situasjonen alvorleg nok, og det bekymrar meg når eg ser korleis denne pandemien har utvikla seg, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug.

DEL

Han presiserer at han trur at mange tar korona-situasjonen på alvor, men ordføraren seier han blir bekymra for at det er folk som ikkje gjer det. Han viser til Kina, der ein har sett inn strenge tiltak, og der smitta har hatt ei flatare utvikling enn i land som Italia og Iran.

- Der har utviklinga gått veldig fort. I Noreg har vi og hatt ein auke på fleire hundre om dagen no. Det er viktig at folk merker seg at vi meiner alvor med dei tiltaka vi har kome med, seier han.

Torsdag kom kommunen med nye retningslinjer for å hindre korona-smitte i Ullensvang. Dei oppmodar mellom anna folk til å unngå å samlast, og å halde seg mest mogleg heime.

Aga Haug seier dei ønsker eit samarbeid med befolkninga, for å ta vare på sårbare grupper som kan få store konsekvensar dersom dei blir smitta. Det kan det og få dersom kommunen kjem i ein situasjon der mange helsepersonell er i karantene.

- Heile grunnlaget for at vi har så strenge reglar er for å unngå at vi kjem i ein uoversikteleg situasjon, der våre helsetenester og lokalt sjukehus ikkje klarer å gi innbyggarane i kommunen den hjelpa dei treng, seier han.

Fleire i karantene

Ordføraren fortel at kommunen allereie er i ein anstrengt situasjon når det gjeld helsepersonell. Fleire er i dag i karantene, og dei vurderer fortløpande korleis dei skal drifte helsetenestene.

- Vi vurderer at det er ein reell fare for overbelastning av helsetenestene. Det kan bli krevjande. Det vil vere veldig truande dersom vi får mange smitta som treng behandling, og spesielt om helsepersonell blir smitta, seier han.

Derfor er dei og tydelege på at dei ikkje ønsker at folk som har hytter i kommunen, og som bur andre stader, ikkje nyttar desse hyttene i denne perioden.

Dei minner om at dei ønsker at innbyggarane i kommunen held seg mest mogleg i ro.

- Ikkje reis unødvendig inn og ut av kommunen. Vi veit at desse tiltaka kan virke voldsomme på mange, men no er vi i denne situasjonen, som er alvorleg, og det er for å beskytte befolkninga og unngå at eldre og spesielt utsette blir sjuke, seier han.

Det er fredag framleis ikkje påvist koronasmitte i Ullensvang kommune.

- Vi må rekne med at det kjem, men vi ønsker å halde tala så låge som mogleg.

Kommunen jobbar fredag med å kartlegge for vekene framover korleis dei skal ha nok bemanning på sjukeheimar og i andre helsetenester.

Artikkeltags