Kommunen ber folk om å unngå reiser til Bergen og frarår arrangement

Ordfører Roald Aga Haug (Ap)

Ordfører Roald Aga Haug (Ap) Foto:

Ullensvang kommune rår frå å reise til Bergen, samt å gjennomføre arrangement som ikkje er naudsynte.

DEL

Med aukande smittetal i landet, har både Oslo og Bergen innført strenge reglar før helga. I tillegg kom det torsdag nasjonale råd om å halde seg mest mogleg heime, og ha minst mogleg sosial kontakt.

Ullensvang kommune ber no innbyggarane om å følge dei nasjonale råda. Det gjeld òg at ein unngår unødvendige reiser innanlands.

— Ullensvang kommune frarår reiser til Bergen. Det er svært høgt smittetrykk der. Reiser bør avgrensast til eit minimum. Dersom reisa er heilt naudsynt bør ein bruke munnbind, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Fredag var det 103 smitta i Bergen siste døgn. I Ullensvang kommune er det totalt fem som har testa positivt, den siste var tysdag denne veka.

Kommunen ber òg alle om å risiko- og behovsanalysere kommande arrangement i kommunen. Dei frarår dei neste vekene arrangement som ikkje er heilt naudsynte.

— Kommunen har no godt med smittevernutstyr til bruk. Vi legg til rette for utvida kapasitet til å ta i mot personar som treng karantene og ikkje kan vere heime, seier Haug.

Det blir utarbeidd planar og rutinar for å sikre legekontor mot stenging som følge av koronautbrot, samt ytterlegare tiltak inn mot skule, barnehage og andre institusjonar.

— Kommunale tilbod blir vurderte etter kvart. Kommunen vil varsle om eventuell innføring av nye tiltak, skriv Haug.

Han seier det er trygt å bruke lokale butikkar som har gode smitteverntiltak.

— Ved handling er det viktig å følge smittevernråda med vasking/desinfisering, avsluttar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken