Kommunen avsluttar skredtiltak

Ullensvang kommune har hatt kontinuerleg kontakt med NGI gjennom helga, og avsluttar søndag ettermiddag dei førebyggjande tiltaka dei sette i verk fredag.

DEL

– Sidan fredag føremiddag har Ullensvang kommune hatt jamleg kontakt med NGI, lensmann og Statens vegvesen i samband med stor skredfare på vestsida i Odda. Det har vore mykje nedbør og vind desse dagane, og skredfaren har stått på raudt frå NGI. Vêrtilhøva har no betra seg, det har ikkje gått nye skred søndag i Tokheimslia, Egnehjem, Klungersete. Vi avsluttar no dei førebyggjande tiltaka som har vore sett i verk, seier ordførar Roald Aga Haug.

Fredag bestemte kommunen i samråd med NGI og lensmann å stenge nordre inngang til Kleivavegen, slik at køyrande opp til Kalvanes måtte nytta inngangen frå sentrumssida av Odda. Dei sette og opp skilt som oppmoda køyrande om å ikkje stoppe i området.

Faren har gått ned

– Vi sette inn dette spesielle tiltaket, på grunn av at NGI uttrykte bekymring for at eit eventuelt skred som kunne komme utanom skredleiemurane ville komme ned i krysset ved Kalvanes og fylkesvegen, seier Haug til HF.

Dei har derimot ikkje vore uroa for bebyggelsen i området, som skal vere beskytta av sikringane.

– Det har vore ei kontinuerleg vurdering gjennom helga frå vår side, i og med at skredfaren har stått på raudt, seier ordføraren.

Snøskredfaren er søndag gått ned til oransje nivå i Hardanger. Det er framleis det nest høgaste på NVE sin skala.

Artikkeltags