Kom ikkje gjennom på koronatelefonen - tapte 11 dagar med arbeidskraft

Tor Bjarte Brattebø tok tidleg kontakt med kommunen for å sikre at dei utanlandske arbeidarane hans skulle få teste seg for korona og slik sleppe å sitte i karantene i 11 dagar før dei kunne jobbe med frukt. Men då dei var framme, kom han ikkje igjennom på kommunen sin koronatelefon for å avtale testtid.