- Ta vel imot bøsseberarane

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

TV-aksjonen «Sundag 21. oktober, på ettermiddagstid, vil bøsseberarane koma på dørene kringom i Noregs land - òg i Ullensvang.

Noreg er eit samfunn der skilnadane mellom folk aukar. Skilnadane handlar ikkje fyrst og fremst om rikdom, kven du er, kor du kjem frå eller kva du trur på. Skilnadane handlar like

mykje om du er innanfor eller utanfor. Det er mange måtar å vera utanfor på. Frå å mangla ei seng å sova i, til å vera utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette råkar ikkje berre den einskilde; det har ringverknadar for alle», skriv aksjonsleiar i Ullensvang, Kåre Grønsnes.

Med TV-aksjonen kan Kirkens Bymisjon skapa møte som endrar liv. Ved å opna dører og leggja til rette for at fleire møtast, skal me visa kvifor TV-aksjon i år er viktigare enn nokon gong. Me skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale, og slik medverka til at fleire får sjansar til å oppnå eigne mål og draumar.

I Ullensvang vil over 60 bøsseberarar vera med på dugnaden - alle husstandar på alle fjordsider kan forventa at det ringjer/bankar på døra ettermiddagen sundag 21. oktober.

Ullensvang gjorde det skarpt i 2017, aksjonen gjekk då til UNICEF- det vart samla inn 88,57 kroner per innbyggjar, nær 300.000 kroner,  fin framgang frå åra før - rekord! Ullensvang herad, skular, barnehage, HV-området og soknerådet gav. Lokalt næringsliv ytte raust; 27 verksemder i Ullensvang gav 77026 kroner etter ein samtale med ordførar Solfrid Borge.

Ullensvang vart nummer fem i Hordaland, og størst av kommunane med fleire tusen innbyggjarar - nummer 30 av dei 427 kommunane i landet.

På førehand takk: Stor takk til bøsseberarane - takk til pengeteljande bankfolk i Sparebanken Vest - Odda og Kinsarvik - takk til formannskapsmedlemmene som har ansvaret for innsamlinga i sine krinsar. Mange takk til gjevarane! La oss visa at i Ullensvang bryr me oss og vil yta til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for dei som er utanfor det gode fellesskapet. Og hugs - bøsseberarane har ikkje kortautomat - så difor må gjevarane ha pengar klare. Det er mogeleg å ringa eit nummer eller å VIPPSA - men gjer det før klokka 18.00! Då vert summen registrert som gjeven frå Ullensvang. Konkurransen mellom kommunane i fylket og landet er òg eit lite poeng i denne store dugnaden.

Ta vel imot bøsseberarane!», skriv Grønsnes.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken