Plukk med deg Noregs varmaste skjerf

Kledd for kulde: F.v.: Tore Hjørnevik, ordførar Roald Aga Haug og Arne Valen.

Kledd for kulde: F.v.: Tore Hjørnevik, ordførar Roald Aga Haug og Arne Valen.

Artikkelen er over 2 år gammel

Årets «gled ein som gruar seg til jul»-kampanje er i gang.

DEL

Det er Kirkens Bymisjon som har kampanjen, og i mange norske byar, inkludert Odda, vil det frå i dag bli hengt ut oransje skjerf rundt omkring, til dømes på statuar. Leiar for Kirkens Bymisjon Haugalandet, Arne Valen, oppfordrar folk til å ta med seg skjerf dei finn og gå med dei, for å symbolisera at ein ønsker seg eit varmare samfunn.

– Dette er Noregs varmaste skjerf, seier han.

Strikkeoppskrifta til skjerfet er å finna på bymisjonen sine heimesider, og Tore Hjørnevik ved Kirkens Bymisjon i Odda seier det er berre å ta turen innom med skjerf ein har strikka. Bymisjonen vel å minna om dei som gruar seg til jul, og at dette er ei tid å visa medmenneskelegheit.

– Jula er ei utfordrande tid, for dei som slit blir ofte problema endå større i jula, seier Valen.

Artikkeltags