Førjulsvarme i gatene

Held varmen: Hesten utanfor kyrkja har fått skjerf på seg.

Held varmen: Hesten utanfor kyrkja har fått skjerf på seg.

Artikkelen er over 4 år gammel

Du har kanskje sett dei oransje skjerfa som er hengt ut fleire stader i Odda. Lurar du på kor dei kjem frå?

DEL

Det er Kirkens Bymisjon som står bak førjulskampanjen «Gled ein som gruar seg til jul». 1. november var dei oransje skjerfa å finne over heile Noreg. Over 10. 000 skjerf er laga av frivillige som vil bidra til meir varme og inkludering i samfunnet.

Einsemd

«Det er mange som ikkje forbinder jula med glede. Berre i fjor oppga 125.000 personar at dei grua seg til jul. Blant menneske frå rus- og gatemiljøa er førjula og julehøgtida ofte ei smerteleg påminning om einsemnd, brotne familierelasjonar, fattigdom og kjensla av å stå utanfor», skriv Kirkens Bymisjon på sine heimesider.

Les også: Opnar «pop-up»

Les også: Vil ha gjevarteneste

Inkludering

Ved å henga opp skjerfa i norske byar, ønskjer dei å oppfordra til varme og inkludering.

– Vi oppfordrar alle til å gå med oransje skjerf no i den kalde tida, for å vise at vi støttar opp om eit varmare samfunn, seier Adelheid Firin Hvambsal, generalsekretær i Kirkens Bymisjon til bymisjon.no.

Dei oransje skjerfa er ein årleg kampanje. I år har over 45 bedrifter vore med på strikkedugnaden, mellom anna Gjensidige, som har bidratt med 550 oransje skjerf. Den norske strikkekjendisen Line Langmo har strikka fleire skjerf, og laga ei moderne oppskrift til det oransje skjerfet, skriv Kirkens Bymisjon på sine nettsider.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken